Bilde

Eldbjørg Raknes

Eg var med i Søyr i 1995 -1999. Eg tok over på vokal etter Elin Rosseland, noko som i seg sjølv var ei stor ære – og skummelt store sko å skulle (prøve å) fylle på mitt vis. Ganske snart etter eg vart med, starta arbeidet med prosjektet Med kjøtt og kjærlighet som inkluderte dei inspirerande musikalske poetane Torgeir Rebbolledo Pedersen og Niels Fredrik Dahl. Repertoaret laga vi frå botnen av for den eskplisitte bestninga. Det vart øvd (masse) på, turnert med og laga album av. Det var ei rik, inspirerande og god erfaring på alle vis. Og det førte også til at eg samarbeidde nært med Torgeir i fleire, for meg, vektige og fine prosjekt i ettertid.

​Fristaten Søyr, på Moldejazz, - ei veke til ende (som eg hugsar det) - var jo eit crazy mangfoldig opplegg! Det utfordra impulsivitet, eksperimenterings- og assosieringsevner både musikalsk og i forhold til ord, bilete og dagens nyheiter i ulike former - og...det meste! – Eit vilt, leikande, unikt og veldig artig prosjekt.

​Eg hugsar eg sa ja til å bli med i Søyr etter å ha vurdert «har eg lyst?» og «kan eg lære noko av å bli med i dette bandet?» Svar på det var ja. Og fasiten var definitivt ja! Takk Torgrim - og alle fine musikarar og menneske eg vart kjent med gjennom å få vere med!

Medlemsår
1995 - 1999